© 2018 Fotograf Nordtveit as

  • Instagram Social Icon
  • Facebook Social Icon

Adresse: Ølmedalsvegen 2 

                   5583 Vikedal

epost:       jan@fotografnordtveit.com

Tlf.            0047 922 22 875

                

Info barnefotografering

 

 

    Den aller beste alderen for baby-fotografering er 4-8 mnd.  I denne alderen er dei fortsatt veldig tillitsfulle, lette å avlede og  fulle av gode uttrykk!!

 Når barnet passerer 1 år, og har lært å gå, er utfordringa at barnet har vanskeleg for å sitte stille. Dei er ofte komen inn i ein periode  kor  dei er skeptiske til framande, og det kan vera vanskeleg å få dei til å sleppa taket i mamma.

 Før fotograferinga, er det viktig å ikkje forbered barnet for mykje på å smile. Det kan då ofte bli bare ein grimase. 

 Fotograferinga varer mellom ein og to timar.  Me har eit uvalg med rekvesittar, men prøver å bruke minst mogleg av det. Barnets uttrykk står i sentrum.. Det er tid til fleire klesskift og kulisseskift. Eg  tilpasser bakgrunnar og rekvisittar etter farge og stil på det som  barnet er kledd med.

Eit utvalg bilder frå barnefotografering kan du sjå her

Kva skal vi ta med til fotograferinga?

Ta gjerne med godt med klesskift. Unngå klær med store trykk og bokstavar.
Strikkaplagg, hodeplagg eller "vintage"-inspirerte klær kan vera spesielt  fint til
fotograferinga.

Om de har eigne rekvisitter de vil  bruke til fotograferinga, ta
gjerne med desse. (leker, bamser, tepper etc.).
Elles er det bare å ta med godt humør.

 

Kva kan me foreldre gjera for å bidra til eit godt resultat?

Om dykk har moglegheit til å stille med to vaksne til fotograferinga, så er det ein stor fordel. Då kan ein vaksen sitje ved sida av barnet og vera “sikkerhetsansvarlig” medan den andre kan hjelpe til med å lokke fram smilet.

Kan me ta søskenbilder samtidig?

Det går fint å ta med søsken til fotograferinga. Om ein trur at søskenfotograferinga kan by på utfordringer, så kan det var lurt å booke eigen time for dette. 

 

Kan me ta familiebilder samtidig?

Det går også med familiefotografering, men me anbefaler ikke å samkjøre  barnefotografering , søskenfotografering og familiefotografering. Det blir ofte svært mykje for den minste, og energien held ofte ikkje så lenge for at alt dette kan gjennomførast på ein god måte.

 

 

Har du andre spørsmål, eller ønsker du å booke time? Ta kontakt 

Sjå prisar på fotografering her